Nærleiken barnehage

Nærleiken barnehage ligg omkransa av tre mellom boligområdet og skogen på Bøler i Oslo. Her kan barna utfalde seg i nært samspel, og møtet mellom husa, barna og naturen er forsøkt diskutert.

Husa famnar kring eit opparbeida inntun, og er bygd opp rundt tanken om at barna sin radius aukar med alder og endra behov. Uteområdet er gitt avgrensingar og tak ved stolpar og bjelkar som differensierer og innbyr til aktivitet. Ytterveggane som vender mot tunet er opna opp medan dei mot skogen har tettare karakter. Her kan barna sitje i vinduskarmar eller ta steget via ein stepstone og ut.

Barnehagen er bygd opp med tre avdelingar, i tillegg til eit stort fellesrom for ulike typar aktivitetar, og eit lite lesehus. Det å gå mellom ulike hus, og få regn på kinnet, eller kjenne kulden, markerer eit skilje for borna frå ein aktivitet til ein annan.

Nærleiken barnehage er basert på ein analyse av kva barnehage i Noreg er og kan vere, og svarar på mange av problemstillingane barn, pedagogar og forskarar fremjar.

29_Ark_Liaset_bw

Ragnhild Kristin Liaset  |  ragnhild.kristin.liaset@gmail.com | +47 45 43 32 99